歌词
Høyr, klokkene kling
Dei ber vidt ikring
Og slaga og stega er tunge
Men sjeler av gamle og unge
Dei veg ingenting
Eg trør og eg trør
Men bak kvar ei dør
Har lydlause føter gått føre
Og alle ho valde å røre
Dei blir no mi bør
Høyr, klokkene slår
Og fjellskogen står
Høyr, klokkene slår
Ein vandrar i svart
Ho treng ikkje kart
I boka ho løyner i famna
Står soga om gardane, namna
Og alt det vi vart
Eg veit kvar eg skal
Den siste som fall
Han lærte meg stega og vegen
Og om eg vart tukta og slegen
Eg lydde eit kall
Høyr, klokkene slår
Og fjellskogen står
Høyr, klokkene slår
Og fjellskogen står
Og susar når dagen er omme
For alle dei einsame stumme
Som var her i går
Her i går
Her i går
Her i går
Her i går
Her i går
Written by: Gunnhild Sundli, Jon Even Schärer, Magnus Børmark