I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv
Trur eg
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv
Trur eg
Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus
Men synge åndelege sanger i Zions bedehus
Trur eg
Alle kvinnfolk som eg møtar skal eg sky som bare fan
Trur eg
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan
Trur eg
Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring
Og drikka kaffe medan drøset går om andelege ting
Trur eg
Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt
Trur eg
Koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt
Trur eg
Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol
Og stå opp når hanen flakser og gjel i morgonsol
Trur eg
Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt
Trur eg
Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt
Trur eg
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
At eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst
Trur eg