크레딧
실연 아티스트
Lillebjørn Nilsen
리드 보컬
Andy Irvine
리드 보컬
작곡 및 작사
Lillebjørn Nilsen
작사가 겸 작곡가
가사
Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal.
Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin.
Og ho lo til meg så eg blei både heit og kald.
Så eg spurde: Vil du vere venen min?
Men ho svara at: Eg er nok ikkje fri.
Eg har ein som eg vil elske all mi tid.
Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann,
som kan spele slik som berre setesdølar kan.
Og særleg om han speler Sordølen, da:
sudidudi dei dudi dei dudi dudi dei!
Og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler.
Men du kan vel også følgje med?
Eg blei svartsjuk og sa: Eg vil'kje ha det der!
Denne fela der skal jaggu halde fred!
Og så satt eg med gitaren på mitt kne.
Og eg øvde trutt og talde: ein to tre ...
Og då helga kom så sa eg: Snille jenta mi,
no skal eg få spele danselåta di!
Og så spelte eg Sordølen, da:
dælælæ ...
Men ei jente er'kje betre nedi Setesdal,
for ho visste ikkje kven ho ville ha.
Og slik er det med ei jente som er dansegal:
ho kan like gjerne svare nei som ja.
Så no sitt vi her og speler både to.
Og ute der på golvet svive ho!
Og i morgon som ho søv den beste svevnen sin,
må eg stå vakt på Valle Auto & Bensin ...
Written by: Lillebjørn Nilsen

