Lyrics

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv Trur eg Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv Trur eg Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus Men synge åndelege sanger i Zions bedehus Trur eg Alle kvinnfolk som eg møtar skal eg sky som bare fan Trur eg Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan Trur eg Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring Og drikka kaffe medan drøset går om andelege ting Trur eg Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt Trur eg Koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt Trur eg Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol Og stå opp når hanen flakser og gjel i morgonsol Trur eg Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt Trur eg Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt Trur eg Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst At eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst Trur eg
Writer(s): Trond Kverno, Jakob Sande Lyrics powered by www.musixmatch.com
instagramSharePathic_arrow_out