album cover
Levd liv
album cover
Levd liv was released on September 1, 2023 by Embacle as a part of the album Skyer
AlbumSkyer
September 1, 2023
LabelEmbacle
BPM130
Melodicness
Acousticness
Valence
Danceability
Energy

Lyrics

Eg såg ein mann i ein spegel
Han berre helste så vidt
Du gløymer dei som regel
Men somme andlet blir du ikkje kvitt
Eg spurde kva han gjorde
Han svarte: Ingenting
Men sopte smulane av bordet
Og la til, før han steig av i ein sving:
Eg skriv om levd liv
Pennen imot pulsåra skal kjennast som ein kniv
Ting skjer, det er det dei gjer
Ingen veit kor vinden kjem frå, ingen veit kor hen han fer
Eg tenkte kanskje det var Bjella
Eller OnklP eller einkvan
Han sa han hadde sletta gjelda mi
Då innsåg eg det ikkje var ein mann
Men at han kom frå andre sida
Den som me sansar av og til
Eg ser det heile tida
Me gjer ikkje det gode som me vil
Eg skriv om levd liv
Pennen imot pulsåra skal kjennast som ein kniv
Ting skjer, det er det dei gjer
Ingen veit kor vinden kjem frå, ingen veit kor hen han fer
Det var heilt stilt i kupeen
Alle undrast kva han hadde meint
Eg tok ein kald slurk av teen
Og innsåg same stund det var blitt seint
Eg måtte av ved første høve
Eg gjekk med vaklevorne steg
Rart koss pennesplittane blir sløve
Eg må visst slipa dei hjå deg
Eg skriv om levd liv
Pennen imot pulsåra skal kjennast som ein kniv
Ting skjer, det er det dei gjer
Ingen veit kor vinden kjem frå, ingen veit kor hen han fer
Eg skriv om levd liv
Pennen imot pulsåra skal kjennast som ein kniv
Ting skjer, det er det dei gjer
Ingen veit kor vinden kjem frå, ingen veit kor hen han fer
Written by: Tom Roger Aadland
instagramSharePathic_arrow_out􀆄 copy􀐅􀋲

Loading...