album cover
Cecilie
album cover
Cecilie was released on September 1, 2023 by Embacle as a part of the album Skyer
AlbumSkyer
September 1, 2023
LabelEmbacle
BPM78
Melodicness
Acousticness
Valence
Danceability
Energy

Lyrics

Når store, staute, sterke karar
Seier dei ikkje veit kor mykje meir dei klarar
Når du ber ei stille bøn og ingen svarar
Og det kjennest som om alt er endeleg
Om du må kvile deg, Cecilie
Må du gjerne gjere det hjå meg
Når allting ramlar rundt deg
Og det kjennest som om ingenting er unt deg
Når du rullar steinen din opp fjellsida og alle ropar: Skund deg!
Og du står i spagat og alle synest du tar for korte steg
Om du må kvile deg, Cecilie
Må du gjerne gjere det hjå meg
Når vinden riv og slit i teltet
Og har sloppe opp for store tre å velte
Når alle slaga som du får, er under beltet
Og andre ser på deg og synest dei sjølv har ordna seg
Om du må kvile deg, Cecilie
Må du gjerne gjere det hjå meg
Ein stad, ikkje langt frå her
Bur det ein som har deg kjær
Ein dag kan me ta ein tur
Sei meg, Cecilie, kva du trur
Når oppgåva er gedigen
Og dei som klatra opp rett før deg, trekte med seg stigen
Når alle bileta du tyr til, er frå krigen
Og du slit med å beskrive korleis allting tapar seg
Om du må kvile deg, Cecilie
Må du gjerne gjere det hjå meg
Written by: Tom Roger Aadland
instagramSharePathic_arrow_out􀆄 copy􀐅􀋲

Loading...