album cover
Daudmannhaugen
album cover
Daudmannhaugen was released on October 30, 2026 by Karisma Records as a part of the album Einsemda
October 30, 2026
LabelKarisma Records
BPM141
Melodicness
Acousticness
Valence
Danceability
Energy

Lyrics

Eg drøymde om å byggje
I fred eit fattig hus,
Eit lite bu i bakken
Med tre i stein og grus
 
Kring stova skulle vekse
Av vår og vilje fram
Dei tunge aks med brødkorn
Og blom ved døratram
 
Men det var mange vegar.
Eg måtte velja ein.
Og ingen kom og bygde
Og braut opp rot og stein.
Eg går til Daudmannhaugen
Og gjer eit jonsokblot,
Der mine draumars hage
Ligg trødd av fenadfot.
 
Eg hugsar: det er mange
Som står på jonsokjord
Og brenner i sitt hjarta
Kvart sagt og usagt ord.
 
Kvart dikt er gøymde gneistar
Frå større jonsokeld
Enn den som eg kan kveikje
Ein heilag jonsokkveld.
 
Eg orkar ikkje ofre
Fær heller leggje bot.
Min drøymde heim legg open
For folk og fenadfot.
 
Eg veksla aldri, aldri
Mitt draumegull i smått.
Og difor fekk eg råd til
Å byggje meg eit slott.
 
Her vil eg bu så lenge
Som skogen held seg grøn.
Men hausten gjev meg ein gong
Si nådelause løn:
 
For eingong skal han slokne,
Min lengsels lyrebrann.
Og eingong brotnar huset
Eg bygde meg på sand.
Written by: Espen W. Godø, Tor Jonsson
instagramSharePathic_arrow_out􀆄 copy􀐅􀋲

Loading...