積分

演出藝人
Tom Roger Aadland
Tom Roger Aadland
主唱
詞曲
Tom Roger Aadland
Tom Roger Aadland
詞曲創作
製作與工程團隊
Kjetil Steensnæs
Kjetil Steensnæs
製作人
Kjetil Ulland
Kjetil Ulland
混音師
Espen Høydalsvik
Espen Høydalsvik
母帶工程師

歌詞

Godt nytt ifrå fronten, dei forfremma meg i dag
Dei sa eg hadde utmerkt meg i kongens siste slag
Eg veit kje heilt kva dei har sett, for eg var magesjuk
Timane rett før eit slag er latrina tidt i bruk
Men kongen sa at det han hadde sett, var nok for han
Og at det lyste lang veg at eg var ein trugen mann
At han ikkje ville angre på at eg vart flytta fram
Og at sekel fram i tid vil alle kjenne til mitt namn
Kongen er ein god mann, interessert i meg og mitt
Han spurde fleire gonger om det fine smilet ditt
Og sa eg måtte helse, om eg ein gong skreiv eit brev
Eg veit kje kva han meinte, heilt, men det kjendest liksom gjævt
Når eg kjem heim frå fronten, skal eg kjøpe deg eit hus
Med liljer, gladiolar og ein kjælen kattepus
For med auget kongen har til meg, vil alt gå bra for oss
Kjærleg helsing Urias, men no må eg visst på post
Written by: Tom Roger Aadland
instagramSharePathic_arrow_out

Loading...